Gnom, Mys 1998
- Hysj
- Bastard
- Vise om natta
- Trøst
- Mys
- Takk som byr
- Hemmelig beskjed
- Bestevenn
- Det var du som kom
- Mathilde
- Fiskesang
- Kammerset
- Vals om en mann fortalt av to kviger
- Lauritzens kafé
- Sjømannsvise
Hysj (Ottesen)
Du stryker håret feil vei
på en siamesisk katt
og eg vett så godt på forhånd
kva du vil sei
og om litt så er det sagt
ja denne bokå har eg lest før
det er som å følge ferske spor i
ny snø
det er kanskje på tide å slå
plenen igjen
eller fylla oppi kummen
og ta oppvasken
men eg tenker bare hysj
I parken er det ikkje en mann
ingen som går tur
eg går forbi en fontene av en mann
som står og pisser vann
og solå var så god og varm
då meg og Kris og Geggen gjekk på
epleslang
nå er det ikkje sånn som det var før
kor tid blir det som det bør
eg tenker bare hysj
Me sat på gjerdet og sang
me satte huset i brann
og det var aldri ei skydet begynner å bli ganske lenge si
Sat og fletta en løvetannkrans
hadde eget bål på St Hans
me fortalte historier og lo
eg lurte på kva eg skulle bli når eg ble stor
årå gjekk og til slutt så ble me russ
husker godt kva du skreiv på meg med tusj
du skreiv bare hysj
Lauritzens Kafe (Ottesen)
Det er kveld men ikkje leggetid
då eg spør deg om du vil bli
med ut å gå
på kafe
Eg ser du må tenkja deg om
for dette er ikkje første gong
at eg vil ha deg med
men du svarer ja kanskje det
For det blir ingen dag
eg legger meg bare med ubehag
hvis eg ikkje har såte i Lauritzen sin bar
du kan bli med om du vil
men det kan bli ganske lenge til
eg kommer tilbake
frå Lauritzens Kafe
Det er fortsatt kveld og kanskje leggetid
en servitør ser på klokka si
og nå jobber han overtid
Men det er ennå god stemning her
og med ett kommer Lauritzen ner
og seier at den siste er på huset
Han husker kor han kommer i frå
det er mange mange år si då
han levde ut på gatå og var bestevenn
med natta
Takk skal du ha Lauritzen
Mathilde (Ottesen)
Gjønå det røykfylte lokalet
eg veit ikkje kor i frå han har det
går han langsomt i frå baren
ingen tør spør koss han har det
om lykter lyser rett i mot han
finnes ingen skygge bak han
som et speil uten bilde
som en tur uten Mathilde
Han går beine veien heim
han går uten å sei ha det til Konsul Børs gt
og håper du er inne
han går heile veien heim
til Mathilde
Han tenner seg en røyk uten filter
borte med parkering forbudt-skiltet
han har en stein oppi skoen
han har en liten en på lommen
slår aldri kron eller mynt
går aldri til høyre går aldri til venstre
for når han først har begynt å gå
ingen kan stoppa han då
nei det finnes ingen grenser
Og når han omsider kommer fram
vil hu då ha han
Hemmelig Beskjed (Ottesen)
På bordet står en lampe
lyser ner på arket
hemmelig beskjed inni ei flaske
lukker alle dører
lukker alle vinduer og eg hører
noge bak meg rasler
kan det vær et dyr som ligger for døden
kan det vær en fyr som eg har truffe på puben
eller var det bare en hybelkanin
Med flaska under armen legger eg på sprang
men eg kom ikkje langt eg kom ikkje fram
for inni flaska låg det en beskjed
som var litt trist
Hei og takk for sist det var jammen lenge si
tenk at nå er ti år endelig forbi
tenker tilbake på ting som har skjedd
nettene på gatå nettene i telt
men vær så snill og ikkje sei et ord
ender bare opp med sår som ikkje gror
du har ikkje vondt av ting du ikkje vett
alt du får er en beskjed inni ei flaska
I vinduet står bildet og vekker gamle minner
frå da eg var mindre sånn som alle andre
husker det var regnversdag det var ubehag
og eg hadde ingen å klandra
så ser eg at muren i huset slår sprekker
hører en flydur brummer langt vekke
tenk om et fly eller et helikopter tar meg med
avsted
Følte det på kroppen dette var toppen
satte meg på bakken og tok frem lappen
følte behov for å lesa kvart et ord om igjen
Trøst (Zahl)
Kom ut av skyggen min venn
og la meg sjå deg i dagslys
eg vett ikkje kva du bærer på
men mørket er ikkje bra for deg
La meg sjå på pupillane dine
om di er djupe og mørke som di var i går
du må sleppa inn litt lys nå
la dagen få sleppa til
Du må slutta å stanga nå
veggen vil ikkje flytta på seg
han står lika støtt som før
det er nok best å gå utenom
du vett du må ikkje tru alt du hører
det er mykje usant som blir sagt
bare øvesjå di
ikkje la di dra deg ner
Om knenå og skuldrene verker
så ta av deg det du bærer på
ingen grunn til at du skal bera
heile kloden heilt aleina
Alt skal bli bra igjen
Sjølv om ingenting blir som det var
Vise om natta (Zahl)
Det er lenge til sola står opp
frå bak havet der hu bur
drikker vann frå en mørkeblå kopp
mens blikket møter mur
Deler vatnet mitt kun med meg sjølv
men eg er ikkje særlig tyste
eg trur ikkje nogen har gjort dette før
eg er vel blant de første
Kanskje du kunne komt på besøk
opp trappå gjønå mørket
eg sko ikkje sagt noge om du lukta løk
eller om du gjekk i dørken
For me trenger ikkje gjer nogen ting
kan sjå på månen når han skinner
masse skygger som danser omkring
til di plutselig forsvinner
Ingen trenger vær redde
ingen trenger vær redde nå
ingenting er på ferde
kjenner en som passer på
Men koss kan du veta at eg har lyst
til å få besøk av deg nå
oppi trappå der er det heilt tyst
og på dørå banke ingen på
Mys (Ottesen)
Han måtte be om nok en femkroning
som han hadde gjort så mange gonger før
han eier ikkje lenger skam i sitt sinn
er bare varsom kor han trør
Han vasker rutene på rødt lys
og når det blir grønt kan han ta seg et mys
Men han kan ikkje sjå ut i frå vindu
har ingen vindu han kan sjå ut i frå
samler på flasker nok ei gate står for tur
di samme gatene di gjekk som små
om solå skinner om månen står på
det er alltid mørkt der han går
med roser i kinnet og ingenting i minnet
går han og venter på vår
han går og venter på vår
Setter seg ner der som han pleier
ved ein statue han vet er monumental
har kun ei fortid som lokal kosmopolit
men når han ror ror han med harde tak
Takk som byr (Ottesen)
Spør deg sjølv
hundre gonger
koffor månen
står på håve
Hmm
Ikkje ta for gitt
at sola lyser
når hu på andre sida
kaster skygge
Når du teller stjerner
nede ved sjøen
og trur du har telt alle
har du telt deg sjølv
Hmm
Takk som byr så mang ei gåte
men ved neste fyrtårn går eg av båten
Takk som byr
Sjakk (Ottesen)
Eg følte meg ensom i kveld
så eg inviterte Alf på et spell
takk for at du kom innom
klokkå var sju då du kom
Me sat oss ner på kvar si side
av et rundt bord
eg tok fram bestefar sitt sjakk
åh som tida går
det er vinter nå det blir snart vår
du var kvit og eg var svart
Men så blei klokka ti på fem
det blei en lang kveld
men eg kan ikkje gå i seng
for han har Dronninga i fengsel
hesten går til Kongen etter vink og råd
men det hjelper lite når me speler sjakk
og det er ditt trekk
Eg ofra en bonde
eg måtte ofra to
og på andre sida av bordet
sat Alf og viste v-tegn og lo
så eg satte opp ei fella
eg trudde Alf ikkje visste om
men det viste seg gong på gong
at Alf visste alt
Så satte han tårnet på C3
Dronningå stod bak
det var siste gong eg inviterte Alf på sjakk
For så blei klokkå ti øve fem
det blei en lang kveld
men nå kan eg gå i seng
for nå står Kongen min i sjakk matt
hesten gjekk til Kongen etter vink og råd
men det hjalp lite når me spelte sjakk
og det var ditt trekk
Bestevenn (Ottesen)
Eg har tatt bilder heila livet
men eg har ingen bilder av deg
så set deg ner og ta fram smilet
så eg kan ta et bilde av deg
Og ikkje lenge ittepå står du
på kommoden ved mi seng
alle kan sjå deg i mitt vindu
men ingen vet kor du drog hen
En ting er eg sikker på
du kommer aldri igjen
nå har eg bare bilde av min aller beste venn
Og når eg ser på dette bildet
det eina bildet som eg har
då vet eg godt at det er siste
gongen eg får sjå deg glad
Koffor reiste du i fra meg nå sitter eg her
vet ikkje kor eg skal gjer av meg
eller kva eg skal gjer
men hvis eg aldri meir får sjå deg igjen
hiver eg meg utfor og så tar eg deg igjen
for eg er ikkje redd
eg vil bare veta kva som har skjedd
Kor har du gjort av deg kan du gje meg en lyd
eg hører ingenting kan du gje meg en lyd
Fiskesang (Ottesen)
Det er ingenting
som å speile seg
over ei snor som har en krok
det er fisk på
Med en sniggel som agn
og en til lykke fiskestang
kaster eg ut og håper at
eg får napp
Kva så om det tar litt tid
eg har jo med meg ei lerka
med whisky i
og når det blir seint og det flør
då går eg heim og når du spør
om det blei fisk på meg i dag
svarer eg javisst javisst javisst
På en kveld som dette her
når det er nydelig vêr
og det er varmt
for det er sommer og sol
då er det kun en ting
som er bedre enn å ro
for seg sjølv
og det er å vær to
For kva så om det tar litt tid
me har jo med oss ei lerka
med whisky i
og når det blir seint og det flør
då går me heim og når du spør
om det blei fisk på oss i dag
svarer me som javisst javisst
Bastard (Ottesen)
Eg har sagt det før, nå må eg sei det igjen.
Eg har ni, eg har ni liv og bare ett igjen
så når du spør meg om alt eg har gjort
vett du at eg angrer så fort du har spurt
Men det begynnte i det Herrens år 1835
at eg blei født av en doktor gjennom hans eksperiment
Eg er en blanding av litt av kvert
Men det er vel ingen tvil om at eg må vær halvt katt
For når eg helser på folk eg treffer på min vei
kan de sjå på meg stygt.
De kan peike og sei bastard
De kan sjå på meg stygt og sei bastard
Men fram til eg var 13 levde eg kun på ett liv
Det var langt men ikkje så langt eg kan leve på ni
Og kor enn eg går blir det sagt at eg har uflaks
på grunn av at eg er svart
Eg brant kastanjer på gatå men eg fekk ingen kunder
Kom å kjøp! Kom å kjøp! Nei, eg trengte et under
Eg blei tatt hånd om av en viss Mr. Kaizer
Han er den stolte eier av verdens tyngste siameser.
I liv nummer seks tok eg sjølmord.
I nummer sju likeså
Og i liv nummer åtte lever eg nå
Og tatt i betraktning at eg er 61
må det ha vært et ganske godt eksperiment
Men nei nå ser eg fram til den dagen det tar slutt
Det er ikkje så bra med ni liv
som du kanskje sko ha trudd
Og alt eg ber om er ei kiste eller to
For eg angrer på det meste eg har gjort
(Den som spår i Mr Kaizer sin kabal
eller håner sin konge i en katedral
Den skal sjøl hogga av nakken med sitt eget sverd
Og han vil i all ettertid bli kalt bastard)